top of page

BAKGRUNN

TEMA OG MOTIVASJON

TEMA FOR PROSJEKTET

Tema for mitt bachelorprosjektet er matsvinn. Hushaldningane står for ca 2⁄3 av all mat som blir kasta i Norge. Gjennom prosjektet ønsker eg å medverke til at forbrukeren blir meir medviten på verdien av mat og fokusere på gleden ved å dyrke noko sjølv. Måten eg vil tilrettelegge for dette er gjennom eit system for heimedyrking

Matsvinn_edited.png
Tema for prosjekt
windowplant.png

MOTIVASJON

Den faglige motivasjonen for prosjektet er at i Norge kastar vi 390 000 tonn mat som fint kan etast kvart år. Problemstillinga er samfunnsmessig relevant, både nasjonalt men også utenfor Norges grenser. Min personlige motivasjon er at eg vaks opp på ein liten vestlandsgård der det var vanleg å utnytte mesteparten av rester og råvarer sjølv om dei ikkje var estetisk tiltalande eller optimale. Mat blei veldig sjeldan kasta.

MÅLGRUPPE

Målet for prosjektet er å løyse ein del av utfordringene knytta til matsvinn gjennom eit konsept for å dyrke sin eigen mat heime. Oppgåva fokuserar både på den funksjonelle og den estetiske delen av designløysninga. Målgruppa vil strekke seg fra unge voksne til gamle, men det vil også være interessant for barn å følge vekstprosessen.

SkisseDude.png
Vannglass.png

AVGRENSINGAR

Dette prosjektet handler ikkje om matsvinn på grossist og matvareindustrinivå, men er begrensa til hushaldningar. Det tar heller ikkje for seg politiske agendaer. Prosjektet forsøker ikkje løyse alle utfordringer knytta til matsvinn i heimen, men forsøker å bidra til større medvit rundt matvarer og skape ein sterkare tilknytning til matforbruk. Prosjektet har objekt som fokusområde, objektets integrering i interiøret blir en mindre del av oppgåva.

Kjøkkenskuff.tif
bottom of page